I januar gav fylkesutvalet fylkesdirektøren mandat til å laga ein ny heilskapleg plan for tilbodsstrukturen i Vestland fylkeskommunen.

No har fylkesdirektøren lagt fram eit høyringsframlegg der han foreslår å leggja ned Fitjar vidaregåande skule når Stord vgs. er ferdig bygd ut gjennom byggjetrinn 2.

– Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign (FBIE) vert lagt ned tidlegare.

Fylkesdirektøren viser til at fleirtalet av elevane ved Fitjar vgs. er frå Stord kommune.

Seinast i fjor vart det oppretta ein ny klasse ved Fitjar vgs.

Av andre endringar føreslår fylkesdirektøren:

  • Stord vgs.: Dei halve klassane på musikk og medium og kommunikasjon vert lagt ned. Skulen må̊ byggjast ut med byggjetrinn 2 og ta over helse og oppvekst, restaurant- og matfag og påbygg frå Fitjar vgs.

  • Bømlo vgs.: Påbygging til generell studiekompetanse vert flytta til Stord vgs. då den er ferdig bygd ut.

Det var Sunnhordland som omtala saka først.