Denne veka skal det gamle «naudnettet» som Håkon den Gode etablerte for meir enn 1000 år sidan, visast fram i Fitjar.

Håkon den Gode på Rimsvarden, i Paul Ottar Haga sin skikkelse. Foto: FP-arkiv. Kjetil Rydland.

Håkon den Gode oppretta «naudnett» i Gulatingslova

Førstkommande fredagskveld kan dei som oppheld seg i Fitjar, få sjå ei smart ordning som Håkon den Gode fastsette i Gulatingslova for over tusen år sidan.

– Det kan vel eigentleg kallast for den tida sitt naudnett, fortel Harald Rydland i Foreininga Håkon den Gode – Fitjar, som står bak hendinga.

– For å varsla at fiendar og fare var i kjømda, skulle det kveikjast bål på vardar langs kysten. Det var detaljerte reglar om korleis dette skulle føregå. Slike varsel kunne nå langt på kort tid.

Magnus Lagabøte vidareførte denne viktige ordninga i landslova av 1274. På Riksantikvaren si heimeside er det meir informasjon å finna om temaet. https://www.riksantikvaren.no/veter-varsler-og-varder-viser-vei/

Markerer to svært viktige historiske hendingar

Denne gongen skal ikkje vardane kveikjast for å varsla om ufred, men for at folket i Fitjar kan gleda seg til eit år med små og store hendingar som skal markera den stolte historia Fitjar har å ta vare på.

– To hendingar som var banebrytende for Noreg si utvikling til eit demokratisk rettssamfunn, vert markert i 2024. Olav den Heilage fastsette kristenretten på Moster for 1000 år sidan, og Magnus Lagabøte si landslov kom for 750 år sidan, i 1274.

På Fitjar skal det i månadsskiftet august/september setjast opp eit nyskrive teaterstykke om Håkon den Gode sitt liv, og arbeidet han sette i gang for innføring av kristendomen, godt lovverk og gode forsvarsordningar i Noreg. Mykje av det Olav den Heilage og Magnus Lagabøte seinare fekk med i lovene, bygde på arbeidet som Håkon den Gode hadde starta.

Kveikjer vardar på godt synlege stader i Fitjar

I Fitjar er det mange vardar frå tidlegare tider som kan kveikjast. Den første varden som vert kveikt i skumringa på fredagskvelden, ligg på Njoten, den høgaste toppen i Rydlandsskogen, 288 moh. Bålet her kan sjåast frå store delar av Fitjarbygda.

– Det vil bli organisert kveiking og sosial samling med historisk informasjon om vardebrenninga på fleire store og små vardar rundt i Fitjar denne kvelden. Øvrebygda 4H vil arrangera kveiking på Hogstevarden, og det vert organisert kveiking på Rimsvarden og Osterneset.

Foreininga Håkon den Gode – Fitjar og gruppa som arbeider med bygdeeneregi, står bak tiltaket. Folk som vil vera til stades der det skal kveikjast bål, bør vera på plass i sjutida om kvelden for å få dette med seg.

– På nokre av stadene vert det pølsegrilling, informasjon om vardebrenning og andre sosiale aktivitetar. Det er meldt om godt ver, så dette kan bli ein fin kveld til å vera ute i det fri saman med masse kjekke folk, avsluttar Rydland.

Osternes Grendalag fyrer opp eld ved Kveldsturhytta på Tuftalandsfjellet. Foto: Kjetil Rydland